Fortellinger.netOm oss

Fortellinger.net


Margrethe Weum

Margrethe Weum

  • E-post: haavar.weum@eidfjord.net
  • Favoritt/hjemmeside: (Ikke oppgitt)
  • Bosted: (Ikke oppgitt)

Litt om meg

Du og eg, vi spelar ei rolle: Kva rolle har eg? Har eg noko rolle i denne store verda? Jo, eg har jo ei rolle som mor. To herlege krangle jenter har eg, når dei søv ser dei ut som englar. Ja dei er jammen meg, mine englar i våken tilstand også.

Men eg er jo ikkje bare mor, barna har ein far som eg er gift med. Ja eg har ei rolle som kone, kjerring, ektefelle eller elskling. Kjært kvinnfolk har mange namn. I den rolla er eg ein planlegger og sørgjer for at ting blir gjort. Det hjelper jo ikkje å ha mange luftige planer, når ingenting skjer. Klart ein kan drømme ...

Eg skjønnar no at eg spelar ei rolle i denne verda. Eg har mange roller til, men seier eg dei, kan dette fort utarte seg til ein stil.

Ein må i allefall ikkje gå rundt å tru at ein ikkje spelar ei rolle for nokon. For det gjer du og det gjer eg. Vi menneske kan ikkje klare oss utan kvarandre, det er gjennom andre vi veks. Barna mine lærer meg mykje. Alle menneske spelar ei rolle. Alle menneske kan påverka oss på ulike måtar.

Mine tekster

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost