Fortellinger.netArtikler

Fortellinger.net


Gammalt nag kan øydeleggja helsa

Av Ingalis Apelthun Malmo, 09.01.2007

Å tilgje er inga lett sak. Det veit vi alle som har prøvd. "Det er utilgjeveleg" er eit uttrykk vil alle har høyrt og sikkert og brukt. Å tilgje ein person er ikkje det same som at alt vert som før, til dømes å ha tillit til den same personen. Tillit som riven ned - må byggjast over tid.

I "Fadervår" lærer vi "forlat oss vår skuld som vi og forlet våre skuldmenn". Like fort som vi er den som tilgjev, kjem vi i den posisjon at vi sjølv lyt be om tilgjeving.

I USA var 40 forskarar samla til konferanse for å diskutere sine undersøkjelser om kva helande kraft det fins i det å slutta fred. Eit spanande prosjekt, som og vart nemd på denne konferansen, var bruken av magnetisk resonnans (MR) til å utforske korleis berre det å tenkje på empati og forsoning gjorde at aktiviteten i hjernevindingane, på utsida av venstre tinninglapp, vart stimulert. Undersøkinga tyder på at mest sannsynleg alle har eit "mentalt tilgjevingssenter" dei kan ausa av.

Sjølv kroniske ryggsmerter kan bli betre når ein sluttar å bera nag, hevda ein. Ein annan forskar meinte at det å tilgje kan førebyggja og hjelpa kvinner med rusproblem mot påny å miste fotfeste. Ein doktor i psykologi og leiar for Stanford Universitetet sitt prosjekt om tilgjeving poengterer sterkt at tilgjeving ikkje tyder av vi tolererer den urett vi er utsett for.

Men han seier det slik: "Å bera på ein mengde bitterhet og sinne over kor urettferdig du er blitt behandla, kan forgifta eigen kropp". Han forklarar det slik: Krangel og sinne gjer at kroppen frigjer stresshormonene hydrokortison og adrenalin, som igjen gjer at hjarte slår fortare, pusten raskare og tankane til å rasa avgarde. Vidare vert musklane klargjort til kamp på grunn av frigjering av sukker i kroppen og blodet vert tjukkare. Dette er naturleg dersom "krisa" er reell og av kort varighet, slik du bør kjenne om du til dømes nett har unngått ein nestenulukke med bilen. Men om vi ber på nag og sinne over tid vert desse "naturlege" hormon omdanna til gift for kroppen.

Hydrokortison som vert til gift er ikkje godt for hjernen og gjer at vi får dårlegare minne, hevdar ein amerikansk lege og legg til at: - Den gjer og at blodtrykket stig og for mykje sukker i blodet over tid kan føra til at du får mindre tøyelege blodårar og problemer med hjarta.

Eit godt gamalt råd er å ikkje la sola gå ned over sin vreide. Rune Larsen og hans familie har laga seg ein fin og nyttig tradisjon som vi kan lesa om i boka "Troende til alt". Det siste dei gjer kvar kveld i staden for "God natt" er å fortelja kvarande "Eg er glad i deg". Koseleg tradisjon, men ikkje alltid like lett å gjennomføre, til dømes etter ein krangel, men god hjelp til å rydda veg for forsoning. Noko som er best for oss alle, både på kort og lang sikt.

Om du ber på nag kan det hjelpa berre det å tenkja på å tilgje. Prøv det. Hjelp til sjølvhjelp.

Mykje tyder på at om vi greier å tilgje, så tener vi mykje på det i form av at vi får ei betre helse. Sjølv om den vi tilgjev ikkje ber om tilgjeving, vil vi mest sannsyleg ha stor vinst av det. Tilgje for din eigen del, er rådet frå dei som forskar på emnet. Tilgje av hjarta. Om gamalt raseri fordampar, vil vi merka det positivt på kroppen. Den du tilgjev treng ikkje eingong vita det.

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost