Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Eg dreg båten frå land

Av Hans Anton Grønskag, 30.10.2013

Eg dreg båten frå land
glir på blankt vatn
på drivande skyer

Eg ror tankane tome
og set segl
eg skal ikkje gå i land meir
før eg er ein annan

Alt er likevel sant
når ein finn vinden sin
og leia

Det fins ei sanning:

det du teiknar med
tynn griffel
og kjøl

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost