Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Eit varmt hjarte

Av Hans Anton Grønskag, 30.10.2013

Stormen
er ikkje så farleg –
gjeld å krumme
ryggen imot

Tangloppa legg
flatsida
mot tung stein

Ruren kan bera
ein landgang
av soldatar -
Han legg likevel
øre
til berget -

Eit hjarte
pumpar
der nede -
i glødande
magma

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost