Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


I bobla

Av Hans Anton Grønskag, 30.10.2013

I bobla – folket –
Gjekk bort når rollene var spelte,
taus - namnlaus sorti –

Alle hadde eigne prosjekt
når det gjaldt stiar og grenser.
Nokre bygde enda
bruer.
Men andre snikra
gjerder og gjenstridige grinder.

Dei fleste vart gravlagde
heilt ned på auren,
og vart sunge lenge for
medan drøset gjekk om lyse sider.
Andre fekk ikkje slik
handsaming, men vart grove
heilt ned på berget.

Ein la mykje arbeid
i å få kvarandre
i jorda.

Det var nauda
om næring og plass
både her og der.

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost