Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Læraren

Av Hans Anton Grønskag, 30.10.2013

Læraren
Vi elska han
Han var lekar tannlekar veterinær prest
jordmor sakførar og arkitekt.
For oss ungane var han Nansen Amundsen
Leiv Erikson Carl Linne og Moses.

Når han sto i stamnen, reiste kateteret seg
mot brottsjøane og det gneistra til i augo –
Har han kompass?
Er her fyrlys då?

Men han strekte handa ut i rette tid.
Lyfte oss
trygt opp mot vinden
og vi glei mot hamn.

Ofte greip han den veikaste handa.
Vart du redd?
Ja kviskra det
men eg fylgde heilt til land.

Han møtte blikk –
såg der
både fyrlys og
kompass -

Ja sa han -
Du loste meg godt –

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost