Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Når han kom med

Av Hans Anton Grønskag, 30.10.2013

Når han kom med
rykande kvitt skum frå havet
full og galen, og med eit stort svart gap
frå himmelrand til himmelrand,
då var det alvor.

Kråka klora seg fast i ein gjerdestaur
i fossregnet.
Då den rann over, fauk ho bort.

Alt folket var inne.
Blåheldt på Fiskeribølgen,
og giktbrote hender.

Då vinden løya på morgonen,
slo dei radioen av –
og lydde etter rekved.

Ganglaget til den første
overallen frå kaia
avgjorde –

Faren over!

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost