Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Nokre kjensler

Av Hans Anton Grønskag, 30.10.2013

Nokre kjensler kjem sakte
god tid til å vekse seg sterke
som ei ferje på fjorden
smiler mot land.

Venta lenge – ja vel
kanskje heile liv –
Ikkje for mykje
om ein ventar på slikt

Stilt går ein derfrå,
sol
mellom hendene

lyser på
resten av vegen
ein skal gå.

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost