Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Ungane på øya

Av Hans Anton Grønskag, 30.10.2013

Ungane som vaks opp her
såg verda utan filter.
Hjarto gapte som
nyklekte starar
Alt tok dei inn. Umettelege
som Atacama-ørkenen,
og med ørkenens stjernenatt
i augo

Dei sprang med bein
avla fram for både berg og
hav
uvørde som sjømenn på
veg frå kveldens siste kneipe

Dei hadde ein snert i orda som
kunne få hestar til å
stegle, og renne
rett inn foreiningssong
og bøn for ungar på
Madagaskar

Stundom styrte dei øyas avdøde skuter
frå ei tilvere som beingrinder på
stranda -
til å segle ut som Hollendre
med ei last av bakbundne
leksar.

Dei leika utan tanke på at
dei kom til å skilje veg
i to kjøn ein dag.

Ikkje før den dagen basketaka
enda kropp mot kropp, som før -
men med ein skilnad,
gnistregn smelte av mellom
auge, munnar og pesande bryst,
og dei sto att med punkterte andlet,
tømde for heile barndomen.

Augo var utbrende krater og
hender
slong beinlause ved sida når dei
reiste seg
med høy i hår og kle.

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost