Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Den gamle stien

Av Jan-Kristian Viumdal, 15.01.2007

Den stien oppi skogen,
han gjer så mang ein sleng,
forbi dei gamle stammar
over sildrebekk og eng.

Eg hugsar alle krokar
som gjekk eg her i går.
Men sist er lenge sida –
det er visst hundre år.

Der borte seg eg plassen
ved steinen der vi satt.
Der smilte eg til lukka –
ho smilte aldri att.

For du som satt der med meg,
deg såg eg aldri meir.
Du hadde jo så mange –
eg hadde ingen fleir.

Nå står eg her ved steinen.
Eg ser som i eit skjær
av gamle, gløymde minner
deg som eg hadde kjær.

Eg elskar deg visst enno.
Det er vel helst fordi
du valde deg ein annan
då eg trudde du var mi.

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost