Av Jan E. Skagen, 18.10.2008
skodda kjem sigande
nedetter dalen
gyldne lauvtre
vært hylla inn
ein bakke kledd
gule blader
no har tida snudd
ein sumar er over
angen er borte
berre våt og kald
noko vert sakna
frå sumarkvelden
men nett no er stunda
himmel grå og tung
snart vert hausten borte
under nysnø kvit og rein