Av Jan E. Skagen, 07.08.2009
skimtar ikkje vatnet
ei hubro seier frå
veit nok kvar ho sit
eit sted i skoddeheimen
det dryp frå grøne greiner
og angen gjer meg glad
høyrer skrik i mørket
frå ravna i kråkefjellet
tankane kjem og drar
naturen vil eg hylle
den gjev liv og næring
sjøl i ei skoddenatt