Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Kvardag

Av Margot Stople, 28.10.2013

Det er ein kald dag om hausten.
Ein slik dag som får ein til å drøyme
om fårikål med nypoteter til,
og lun eplekake med is.
God helgemat ein kan bruke
heile dagen på å lage.
Men no er det kvardag og
helga er framleis langt unna,
så då er det ikkje anna å
gjere enn å åpne matpakka
og slå seg til tåls med den:
to med brunost,
ei med servelat.

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost