Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Det stilnest i eventyra

Av Roger Pedersen, 27.03.2012

Det bles ikkje lengre
i bukkehorn mellom fjell
ingen draug eller nøkk
syng i tjernets dyp
i natta er det taust
mørkret har ingen mystikk

Månelyset har blitt kaldare no
og stjerneteppet glimrar ikkje
som det eingong gjorde
då trolla gjekk og levde
No er dei alle blitt stein

Veslefrikks fele har stilna
bogen hans har brukke
strengene blitt klippa over
eg hør ikkje nøkken spelle
eller fanden le i hardingfela

Tussane og nissane forlot oss
stabbura er tommare no..
berre flugane flyg inn og ut
ikkje noko mystisk med dei.
Og alle Eventyr er slut..

Eller?

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost