Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Frø

Av Rolf Bjørge, 19.04.2010

så mange skuggar over landet vårt sviv
skuggar av oske
skuggar av krig
skuggar av jorda som revnar
og skuggar av tapte liv

frå skuggen dei ropar
frå skuggen dei skrik
ropar i naud
ropar om hjelp
skjerande rop frå fattig og rik
om son eller dotter som kuler slo daud

men nede på jordet står der ein bonde
med andlet mot vestavèr
han smakar på vinden
og undrar seg på;
er enno noko tidleg
frøa å så

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost