Velg blant 8 bokklubber fra Tanum bokklubber og få gratis bøker og gaver!

Fortellinger.netDikt

Tanum bokklubber

Nyfødd i rushtrafikken

Av Tor M. Solvang, 13.11.2008

Liten og skjelvande
låg den i grålysninga
og kalla på mora

store bedårande augar blinka
i skinet frå lysa
som raste forbi

Nokre meter lengre borte
låg ei overkjøyrd rå
maltraktert på svart asfalt

berre timar gamal
var ei historie igjen snart fullendt

aldri skulle den få læra skogen å kjenna
eller lauvet og graset å eta

ikkje eingong livet
å leva

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2010. Webhotell fra MinHost