Velg blant bokklubber fra Bokklubben og få gratis bøker og gave!

Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net

Brurebiletet

Av Tore Vaag, 05.06.2009

dei var unge ein gong
foreldri
tenkte aldri på det

so tala biletet den siste kvelden
opne munnar
lått
men ingi røyst

berre rørslor i munnane deira
seinare kviskring
er du einsam
er du redd
eller er du heil

ei tydelegare røyst
me som ingenting veit
me kan berre gle oss no
ikkje seinare

ikkje med deg
ikkje med andre

me kan berre gle oss no
og me kan ikkje gle deg

berre du kan gle deg
og vi kan ikkje hjelpa deg med det

so ein dans inni biletet
skræmande ville rørslor
svart dress
kvit kjole

mor far
små born som dansar i biletet

ei surring frå veggen attom
er det sylvkrossar i veggen

den siste kvelden
ei siste røyst
frå mor

me kan ingenting gjera

berre du kan gle deg
no

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2010. Webhotell fra MinHost