Velg blant 8 bokklubber fra Tanum bokklubber og få gratis bøker og gaver!

Fortellinger.netDikt

Tanum bokklubber

Grindi

Av Tore Vaag, 31.05.2009

det var denne grindi

skulle vera ved enden av alleen
bak det kvite huset

eit op mot skogen
mot duftene, minni, barndommen

so var det berre mørke skogen
insekti
surringi
dusti frå fotslagi
men grindi var vekke

fjernt ein stad unge skrik
var det våkar
bak ljodvegger, uklare
eller under blått safirhav
utydelege, dulde

eit fornt minne om bestefar i skogen
lukt av avskore tre
treskivor og spon langs vegen attom grindi
ein lunningsplass

er dei gamle mennene bak den blå safirveggen
drikk dei kaffi
et dei brødet
skriv dei på trebitane
der dei alltid åt og drakk,
arbeidde
aldri tala med oss, berre skoda oss
der dei no er
bakom safirhellone
uklare, gamle, åndeaktige
dimmare for kvart år som gjeng

grindi er borte
mørke skogen dreg ikkje lenger

i huset bak alleen
med dei sytti grantrei
brende opp i ein gigantisk eldstopul
meir borte enn barndomslandet
som enno ikkje er vorten ein kvorven eldstopul

som leier oss heim,
til barndommen, opphavet, nullpunktet
den vetle eldstopulen
tomheiti

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2010. Webhotell fra MinHost