Velg blant bokklubber fra Bokklubben og få gratis bøker og gave!

Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net

Huset der vonene bur

Av Tore Vaag, 01.06.2009

born som spring i gangar
dører som vert opna

raude vegger i huset

tomme rom
der vonene er bakbundne
gjort urørlege
av usynlege trådar
laga av usynlege fingrar

men nokre hallar
der bystone stend
alle med tomme auge

borni som spring
mor
far
borte

berre bystone
grysjelege skrik attom forheng
gangar med rutene mønster på golvi
born som treffer dobbeltgjengarar

dvergar i ring på golvet
syng
tabor
hermon
gerazim
garmonbozia i skåler
du mektige arm frå eldgamle tider

baalprofetar i eldstova
knytte nevar
fortvilte rop
gakk ut frå se'ir
rist jordi
lat vatnet strøyma
frå skyene under deg

og bystone som stirer tomt utover
mot borni som et sin garmonbozia
i huset der vonene bur
dei vonene som alltid døyr

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2010. Webhotell fra MinHost