Velg blant 8 bokklubber fra Tanum bokklubber og få gratis bøker og gaver!

Fortellinger.netDikt

Tanum bokklubber

To gamle kjærleiksbrev

Av Tore Vaag, 07.06.2009

ein stjernelaus kveld
og aleine
for gaman på loftet

og inni hjørnet av ei kiste to brev frå gamle tante gerd
klemte, halvrotne, glømte
fuktige
kan snart smelta som snø
uleselege
snart ikkje far etter hennar hugverk

eit bilete av eit ungt andlet
med skarpe, reine trekk
med alvorlege auge

og hennar kjærleik er ikkje meir
kan ikkje bli meir

det er ein ovstor avgrunn mellom meg
og ho i brevi
sendt attende frå ein gut

kven kan høra ekkoet frå hennar lengslor
er tystnaden i rommet ein musikk
som kan spela hennar gamle drømmar

og kan eg kjenna min sakte
døyande
lengt i den same tause musikken

eg skulle gjerne leidd ho i handi
men kjenner ein kald gufs i rommet
og tenker på vaiande bjørkegreiner
kalde vårdagar
der me skulle vandra saman

men kva skulle me sagt til kvarandre
kva veit eg om hennar drømmar
og ho om mine sakn
kva veit eg om hennar liv
og gamle voner frå ei anna tid
pan og psyke ville ledd av oss
grotesk incestiøs trøyst
ufruktbar og pinleg stille

eg hører regnet slær på taket
og fær meg ut or dumme tankespinn
med ljoden av ein medfølande lått

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2010. Webhotell fra MinHost