Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


Finne på noko anna

Av Trond Rudsli, 12.05.2011

Eg bør finne på noko anna,
enn berre å sitje her
Kan hende ein tur til hovedstaden,
rusle litt rundt slik dei andre gjer
Kanskje gje nokre myntar til ein tiggar,
som sit med sitt skrinne spann
Dei sit jo der i hopetal,
overalt på Karl Johan

Eg bør finne på noko anna,
ikkje gjere det same kvar einaste dag
Noko det finst mogleskap i,
og helst noko av sjeldent slag
Eg vil vite så mykje meir,
noko inni meg seier eg bør
For eg trur av heile mitt hjarte,
det fins meir enn det eg har frå før

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost