Fortellinger.netDikt

Fortellinger.net


For ein draum

Av Trond Rudsli, 22.06.2011

Herregud mann,
for ein draum eg hadde,
eg draumde han siste natt
Ikkje berre var det fred på jord,
utan største fred eg har hatt
Du verden for ei oppleving,
eg trudde mest det heile var sant
Då eg våkna neste morgon,
var det berre katten eg fant

Herregud mann,
for ein draum eg hadde,
no sit eg berre og ler
Du skjønar det er ikkje alvor,
i alt ein går rundt og trur ein ser
For mykje av det er berre skrot,
sånn hopa seg opp over tid
Men moro var det no likevel,
å få ein slik draum på si`

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost