Fortellinger.netEssays

Fortellinger.net


God julefeiring

Av Tor M. Solvang, 03.12.2008

Snøen fell og vert liggjande i djupe skavlar. Mørkret har nesten overtatt dagane så det vert i det minste lysare nokre timar midt på dagen, mens snøen legg seg kvit og rein over land og by.

Englane som i tidligare tider fulgte med advent- og juletid har sikkert også dalt ned i skjul, og skjult seg godt i snøskavlane, der dei nok ventar på at nokon skal hugse dei og be dei inn i materalistiske heimar og hjartar.

Dompapane sit og sturar på nakne greinar, og kikkar på tomme fuglebrett framfør husa rundt om. Menneskja er visst veldig opptatt denne vinteren. eller kanskje dei er blitt for fattige? Kanskje dei ikkje har råd til å tenkje på fuglane, tenker dei, og hastar vidare.

I fjøset går buskapen fram og attende og helsar på kvarandre. Dei legg seg stundom ned på EU-godkjende kumattar, der dei ligg og tygg drøv til den medbrakte databrikka i halsbandet igjen gir høve til å eta meir kraftfor.

Budeia feirar vinteren i sydligare strøk, der sola varmar bleike kinn etter somaren i fjellheimen. Der oppe tilbrakte ho fleire somarmånader i den gamle og nedlagte sætra som bestemora sleit seg ut på i førre hundreåret, og levde stort sett på det naturen baud på av bær, urtar og fisk.

I stallen attom utedassen står fire ridehestar av arabisk opprinning, men krubbene deira er nesten tomme og hestane vrinskar misnøgde. Inkassokrav i vinduskonvoluttar frå kredittkortselskapa er mager kost, sjølv for ein arabisk langdistanseløpar i kalde nord.

Den gamle julekrubba borti kroken, den som i generasjonar hadde vorte fyldt med halm og strå til minne om den nyfødte, er også tom, heilt tom.

Gjennom mørkret kan ein høyra kyrkjeklokkene ringje jula inn og skimte glade menneskje stige ner frå dei trojanske hestane sine, før dei hastar inn i kyrkjerommet til prestens fortelling – frå ei tid som visstnok var ein gong.

I heimane ventar meterhøge julegåvehaugar under overpynta julegraner og gjesteboddekte middagsbord på gjestane. Snart er tida inne til ei ny feiring av bursdagsbarnet som nesten ingen lengre hugsar namnet på, eller kven han eigentleg var.

Godt at det i det minste er nokon kanskje, som set pris på gåvane dei får, i mangel av det eigentlege bursdagsbarnet ...

God jul!

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost