Fortellinger.netEssays

Fortellinger.net


Aurefiskaren

Av Trond Rudsli, 09.07.2009

På krusningane i vasskorpa står ho. Dansande, eggande, – rák i ryggen.

Ei line buktar seg ut mot staden ho er, vert mest usynleg siste biten. Eit par auge stirrar på ho frå myrkanten innpå land. Fulle av forventning følgjer dei kvar ein rørsle ho gjer, – vik ikkje frå ho eit einaste sekund.

Under, i djupet, der jagar det ein. Fleire gongar har han vore opp denne kvelden og tatt i seg av desse små. Men denne han no ser er ikkje som dei, meir levande er ho på eit vis.

Kjapt og grådig glefsar han ho i seg. Men då han vender seg mot djupet kjenner han eit rykk i kroppen, og ei kraft drar han over på sida. Då grip frykta tak i han. Ein frykt som sprer seg til kvar ein fiber i kroppen. Han tar ut med all si kraft, men vert halden tilbake av denne underlege krafta og dradd over på sida att, – ei usynleg kraft han ikkje kjende til, og som drog han i ei anna retning enn den han sjølve ville.

Med open kjeft gjer han på ny eit veldig utras for å fri seg frå dette ukjende som heldt så fast i han. Men igjen vert han hindra og dradd over på sida.

Etter fleire slike forsøk på å bli fri kjenner han seg no trøytt. Myrkanten der innpå land kommer nærmare og nærmare.

Ein skugge uroar han og han tar ut på ny. Men igjen vert han hindra og dradd over på sida.

Mørket hadde lagt seg over vatnet no. Ei svak strime frå månen låg over myra, og gjorde bjørkeskogen der borte trolsk og full av underlege skapningar.

Det gjekk ein kar attmed vatnet. Med tunge steg braut han seg vèg i det ulendte terrenget. Han holdt eit fast grep om auren han fekk ved myra lengre borte. Grov var den, bortpå kiloet. Stri hadde den vore, og vanskeleg å få på land. Fleire gongar ville han legge hoven rundt kroppen hans, men lykkast ikkje før på fjerde, eller var det femte forsøket.

Låge styggord høyrdes då det tette buskaset hindra han i å gå dit han ville, eller om det no var ein bjørkestamme han stytte mot der i halvmørket. Han hadde ikkje vore her før, og vart difor ikkje kjend med kor det vart greiast å ta seg fram. Den nesten bortgjøymde stien attmed vatnet kjende han ikkje til. Folk hadde vel ikkje ferdast her på fleire år.

Litt etter forsvant han i bjørkeskogen, og lyden av dei tunge stega hans i den blaute myra høyrdes ikkje meir. Ein bilmotor høyrdes i det fjerne. Brått stilna den og vart borte den òg.

I det sterke lyset frå månen kunne skimtast konturane av ein oter. Han satt der i myra og åt i seg av fiskeinvollane som karen hadde slengd ifrå seg. Innimellom stansa han, satte nasa i været og dro i seg av den kjølige og fuktige lufta. Så åt han opp restane. Slikka seg lenge og grundig om kjeften før han vart borte i det mørke vatnet.

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost