Fortellinger.netEventyr

Fortellinger.net


Prinsessa som ingen kunne sjå på

Av Amalie Lereng, 11.07.2005

Dette eventyret har gått rundt på bygdene i fleire hundre år ... Det er ikkje overdrive ein gong ...

Men Asbjørnsen og Moe tykte krenkinga av kjendisane blei litt too much, så dei gjorde "Prinsessa Som Ingen Kunne Sjå På" om til Revenka (av ein eller annan merkeleg grunn) som øvrig er ei pen enkefrue ...

Så vi kan jo berre spørre oss sjølve korleis "Veslefrikk med Fela" eigentleg gjekk føre seg! Tenk om han heitte Otto, og hadde ein banjo! Men uansett:

Det var ei gong ei prinsesse som var så "slåande vakker".

Bokstaveleg talt, slåande vakker!

Ingen prinsar hadde greidd å sjå på henne, utan å bli nedslegne (ja, slegne i bakken) av hennar så kalla "skjønleik".

Ikkje ei gong dei styggaste prinsar kunne sjå på henne, utan av å spy av vemmelegskap.

Ja, så pen var ho!

Så ein dag kom det folket for øyre at kongen lova at den som kunne sjå på kongsdottera, og føre ein normal samtale med henne utan å

a) døy
b) spy
c) kollapse

eller

d) gjere andre høgst unormale ting som kunne førekomme når ein såg ei prinsesse, skulle få henne og halve kongeriket.

Det var mange som prøvde, men til inga nytte. Kongsdottera var og blei singel.

Austafor sol, og vestafor måne, budde det tre brør.

Per Gynekolog, Pål Desperat og Espen Nærsynt.

Dei, som andre, ville prøve lykka på kongsgarden, så dei la i veg ...

Langt om lenge, og lenger enn langt, kom dei til kongsgarden.

"Sjå, Espen! Der er kongsgarden! Oppå bakken der" sa Per Gynekolog.

"Eg er blind for svarte!" svara Espen Nærsynt.

Då dei omsider hadde pressa seg opp bakken, blei dei bedne om å trekkje ein kølapp og svare på nokre spørsmål. Per gynekolog var først.

"Kvifor er det akkurat du som skal få prinsessa?" spurte ein av kongens menn (som forresten var utstyr med ein stor stygg hatt, med store fjør, nett slik som Elton John har på fest).

"Jo, du veit" svara Per. "Eg er gynekolog, eg har sett det meste!"

"Du får vel gå inn då" sa Elton-John-hattemannen.

Per gynekolog hadde ikkje så mykje som opna døra, før ein stank så utruleg kvalmande, nesten som Old Spice, bora seg inn i nasebora hans.

Han undra seg over kva som kunne lukte så vemmeleg.

Om det var lekkasje på toalettet, kvitlauksaft eller om det rett og slett var kongen som fann Old Spice nydeleg.

Svaret fekk han i det han snudde på hovudet. Noko så vemmeleg hadde han ikkje sett ...

Kongsdottera?

Per Gynekolog prøvde å ta seg kraftig saman, men til inga nytte. Han enda opp, han som andre, med alternativ c) kollapse.

Statistikk, reaksjon av synet av kongsdottera.

Bilete: Som de ser så var det eit klart overtal som overlevde synet av kongsdottera, men dødsfall har førekomme! Vi må nok bukke og neie for vår kjære Martha, og erkjenne at sjølv om ho ikkje er så vakker at det gjer noko, så er ho jo ikkje like stygg som Tande-P, Dan Børge Akerø eller kongsdottera.

Så var det Pål Desperat sin tur til å møte kongsdottera.

"Skål" sa Pål, før han opna døra, og lyfte ølflaska høgt i veret.

Det var nok lenge sidan Per hadde vore så drita!

Han opna døra, såg på kongsdottera, lukka augo, og spydde! (om det var på grunn av kongsdottera si "skjønleik", eller om det rett og slett var at han var utruleg fyllesjuk, veit vi ikkje ... Men skal vi velge, går vi nok for alternativ b) spy ).

Så var det endeleg Espen Nærsynt sin tur.

Korleis skulle dette gå, når verken ein gynekolog eller ein desperat kar ikkje greidde det?

"Jammen trist at eg er så forkjøla" sa Per Nærsynt.

"No kan eg verken sjå eller lukte, slik som paven".

(paven har forresten sveva mellom liv og død i fleire år no, og kjenner ikkje forskjellen på den herlege lukta av Celine Dion parfyme og Ari Behns heimebrende eksotiske, friske og "djupe" vinflasker. Han hadde sikkert ikkje sett forskjellen på dei heller, for den del ...)

Han banka på døra, og gjekk inn.

"Hei på deg, kongsdotter" sa Espen.

Kongsdottera græt.

"Kvifor græt du, kongsdotter?" sa Espen.

"Mange friarar har kome ... Men ingen ... INGEN! Ingen har likt meg ... Ingen har så mykje som sett på meg utan å spy ... Du må nok tykkje eg er stygg, du også ... Du kjem sikkert til å forlate rommet før eg har tald til tre".

Kongsdottera talde til tre, men Espen Nærsynt blei ståande.

Ho såg på Espen med store auger.

"For det første" sa Espen. "Så tykkjer eg ikkje du er stygg". Espen smilte, før han forsette. "For det andre, så er det bra at det berre er eg som vil ha deg. Det betyr at du er mi. Vi treng ikkje å rote oss borti slike trekantdrama som vi ser på Hotell Cæsar."

Kongsdottera reiste seg opp frå trona, og gav Espen eit stort og blautt kyss på nasen. "Og for det tredje" sa Espen. "Så syns eg jenter som græt er ganske så sexy, eg".

Og så fekk Espen Nærsynt kongsdottera og halve kongeriket, og han og kongsdottera levde lykkeleg i tre månader.

Kvifor ikkje heile livet?

Kongen sponsa augeoperasjon til Espen, og han fekk synet tilbake.

Espen døydde.

Og snipp snapp snute, så var eventyret ute.

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost