Fortellinger.netEventyr

Fortellinger.net


Eventyret om dei tre låntakarane

Av Lars-Toralf Storstrand, 17.03.2004

Det var ein gong for lenge, lenge sidan i eit lite land, langt, langt borte. I dette vesle landet budde det ein mann og ei kone som seg imellom hadde tre søner. Me kan kalla dei Per, Pål og Espen.

Det var velkjend at det landet dei budde i var eit rikt land med stor oljeproduksjon og enormt overskot på statsbudsjettet - kvart einaste år, medan nabolanda hadde underskot og store økonomiske vanskar. Trass i dette var arbeidsløysa på framgang i det vesle landet, og dei tre brørne hadde lenge gått og heva trygd på aetat medan dei hadde vore aktive arbeidssøkjarar. Same kva, hadde dei ikkje makta finna seg fast arbeid.

Den sterke økonomien i landet gjorde at bankane sette igang ei aggressiv kampanje for å marknadsføra seg overfor folk flest.

Ein dag kom eldste sonen, Per, og sa at han hadde tenkt seg å forlata heimen - for å søka om lån i banken. Han meinte at han hadde ein god forretningsidé, som det vart verd å satsa pengar på, og reiste heimanfrå med brask og bram og foreldra si signing. Han møtte opp på trappa utanfor banken, der han stod med huva i hendene og bad om å få låna 200 000 kroner for å starta eit enkeltmannsføretak.

Etter samtale som varte i sju lange og sju breide, og der alle personlege opplysningar var kome for ein dag, reiste han seg frå stolen der han hadde sete medan han tala med kunderådgjevaren - for å gå heim att. Han fekk lovnad om svar om ein dag eller to.

Fem dagar seinare kom brevet i posten, med avvising av lånesøknaden. Per hadde betalingsmerknadar på seg, stod det i brevet - og med omsyn til desse kredittopplysningane tillet ikkje banken sin policy å gjeva han lån på det grunnlaget.

Dagen etter sette den mellomste guten, Pål, ut på ferd. Han sa med seg sjølv at han skulle vera smartare enn eldste broren, og skulle visst sikra seg lån. I all løynd hadde han i mange år arbeidd med ein ny type programvare som hadde potensial å selgja millionar eksemplar på verdsmarknaden. Det var dette han hadde tenkt å satsa pengane på.

Pål møtte, som broren, opp på trappa framfor banken, der han stod med huva i hendene og ønskte å få snakka med låneavdelinga. Han vart sitjande i sju lange og sju breide på kontoret til kunderådgjevaren og la fram den eine marknadsprognosen etter den hin - og viste til planar for distribusjon og marknadsføring.

Banken fortalde at dei først måtte gjenomføra ei grundig kredittvurdering på han, og Pål sa ingenting på det. Han var byrg over aldri å ha hatt så mykje som ein einaste betalingsmerknad på seg, og forlet banken i trygg forvissing om at han kom til å få lånet på 500 000, som han hadde søkt om.

Ei veke seinare kom det brev frå banken der det stod at dei diverre måtte avslå lånsøknaden hans - avdi det viste seg at han fleire gonger det siste året hadde misbrukt VISA-kortet sitt og trekt over kontoen sin med 2-300 kroner fleire månadar på rad.

Då var det at Espen reiste seg frå kroken bortved peisen der han hadde sete og skrudd på ein PC - heile tida sidan han var ferdig utdanna bedriftsøkonom. Han fann fram konfirmasjonsdressen sin, som framleis passa- og som han ikkje hadde brukt sidan den sundagen i mai for fleire år sidan. Så lånte han stresskofferten til far sin og drog i veg til banken, sjølv om båe brørne hans lo bak ryggen hans og sa at når ikkje dei to greidde å få lån, som båe hadde gode idéar og støtte bak seg, så kom i det minste ikkje han til å få det - som korkje hadde det eine eller det andre, og som berre hadde vist interesse for PCar og slikt.

Morgonen etter opna Espen døra til banken og spankulerte rakt inn og fordra eit møte med sjølvaste banksjefen. Espen forklara at han hadde ein idé om å starta eit gigantisk hotellprosjekt i Thailand. Hotella skulle vera luksushotell og kvart av dei ti hotella han hadde tenkt å byggja kom til å kosta kring 75 millionar kroner - verdien på Baht teken til omsyn. Han bad difor om å få eit lån på 1,2 milliardar kroner - som skulle dekkja både planlegging, byggjing og marknadsføring.

Banksjefen såg på han med dollarglimt i augo, baud han på eit glas Bache-Gabrielsen-Cognac han hadde ståande i skapet på kontoret sitt og gav han forvissing om at lånet kom til å verta innvilga, men at banken - berre for syns skuld måtte tinga ei kredittvurdering av Espen. Espen gav banksjefen alle opplysningane, viss på at dei ikkje kom til å finna noko negativt - avdi det var faren som hadde teke seg av alle rekningane hans - og at han hadde ein høgrentekonto med konfirmasjonspengane sine ståande - i tilfelle.

Dagen etter vart Espen oppringd av banksjefen sjølv - og dei møttest seinare på dagen for å underteikna papira og gjera alt klart for det store eventyret. Etterpå tok Espen pengane med seg, reiste til Bahrain, der han spelte bort eit par hundre millionar, medan han bygde seg eitt stort luksushus i Sveits og eitt på Cayman-øyane og kjøpte seg eit husvære på 800 kvadratmeter i London, samt tre dyre bilar og privatfly. Kvar einaste kveld menga han seg med fiffen og levde ut la dolce vita med stor joi de vivre.

To år seinare gjekk banken på rygg, og drukna i den mest uttørka Kontantstraumen. Banksjefen vart ståande utan jobb - og med huva i handa. To månadar seinare vart aksjemajoriteten i banken kjøpt opp av ein Storbank, ein annan stad i landet.

Og snipp snapp snute, så var det finanseventyret ute ...

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost