Fortellinger.netEventyr

Fortellinger.net


Guten som ville bli statsminister

Av Lars-Toralf Storstrand, 17.03.2004

For lenge, lenge sidan i eit lite land, langt, langt borte, budde det ein gong eit ektepar, ein mann og ei kona som ikkje hadde meir enn den ordspråksaktige nåla i veggen og det som dei elles gjekk og stod i. Største - og einaste skatten deira var dei tre gutane, Per, Pål og Espen. Sistnevnte, som var yngst var rett fåmælt av seg - og sjølv om han kunne snakka for seg - bruka han meir tid på å lyda etter andre enn å snakka, der han sat i kroken sin og las filosofi og politisk historie.

Så kom det ein dag bodsend i frå sjølvast hoffet til kongen at det skulle lysast ut val i kongeriket - og at kven som ville kunne stilla til valet som statsminister - og få halve riket attpå.

Den eldste, som heitte Per, avgjorde at han ville setja ut på ferda og reiste kring land og strand og dreiv valkamp. Han dreiv det så langt at han kom heilt til Majorstuen i Oslo - der han tok del i ein valkampduell mot ein av dei mange andre som stilde til val. På spørsmål frå debattleiaren om kva han ville gjera dersom han vart statsminister svara han at då skulle han auka skattane, slik at landet kom ut or den økonomiske bølgedalen dei no var nede i. Ellers skulle han mela si eiga kake, sa han.

Valdagen kom og valdagen gjekk og Per kom tuslande heim til stova til foreldra, slukkøra som få. Han kom ikkje eingong inn på Tinget.

Tre år seinare gjekk det ut ny bodsend frå kongen sitt hoff - om at det på ny skulle lysast ut val i kongeriket og at kven som ville kunne stilla til valet som statsminister og få halve riket attpå.

Den mellomste broren, Pål, avgjorde at denne gongen ville han fara ut og reiste frå fylke til fylke og by til by og dreiv ein omfattande valkamp. Han dreiv det så langt at han jamvel vart intervjua av den største avisa i hovudstaden. Eitt av spørsmåla dei stilde han der var kva han hadde tenkt å gjera dersom han vann valet til statsministerposten, så sa han at han skulle auka skattane for alle som tente meire enn 250 000 og senka skattane til alle som tente mindre. Ellers skulle han mela si eiga kake, sa han.

Valdagen kom og valdagen gjekk og Pål vart statsminister, men då han ikkje fekk gjenom forslaget sitt om statsbudsjett, stilde han kabinettspørsmål og dagen etter kom han tuslande heim til stova til foreldra, slukkøra som få. Nye tre år seinare gjekk det atter ut bodsend frå kongen sitt hoff - om at det på ny skulle lysast ut val i kongeriket og at kven som ville kunne stilla til val som statsminister og få halve riket attpå.

No var det at den yngste guten, Espen, han som berre hadde sete i ein krok og lese politisk historie og filosofi kom til at han ville freista lukka si blant folket.

-Du? sa brørne til han. -Du som aldri har vore mellom gutta på golvet? sa Per.

-Du som ikkje har noko utdanning å skilta med, og som berre har sete i ein krok med nasen i ei bok og lese? sa Pål.

Ja, eg har slikt å gjera, at eg vil no freista meg likevel. Han sette difor ut på landevegen og reiste kring til den minste bygdene - og styrte helst utanom dei største byane - og dreiv valkampen med utruleg lågt budsjett. Han dreiv det så langt at han til sist vart intervjua i fleire lokalaviser over heile landet, sjølv om ingen av dei store avisene la mykje vekt til han - anna enn i negativ retning og med dårlege karikaturar og slikt.

Ein journalist spurde han kva han hadde tenkt å gjera om han vann valet til statsministerposten, og han sa då at han ville innføra flat skatt for alle - ingen frådragsrettar på sjølvmeldinga og at han ville spørja folket til råds i langt større grad enn nokon statsminister tidlegare hadde gjort.

Valdagen kom og valdagen gjekk og Espen vann med eit valskred og vart statsminister. Han heldt lovnadane sine og vann seg ein stor plass i folket og vann heile riket attpå. Og sidan levde både han og folket lukkelege alle sine dagar.

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost