Fortellinger.netEventyr

Fortellinger.net


Troll i ord

Av Lars-Toralf Storstrand, 17.03.2004

    For lenge, lenge sidan, eit steinete og vanskeleg tilkomande område i den norske fjellheimen, budde det eit stort og fælsleg troll. Opphavleg kom trollet frå Island, men hadde flytt derifrå avdi det var så inderleg glad i engelsk - og hata alt som var islendsk.

    Det hadde ikkje vore noko lett veg å koma seg over Atlantaren, for Icelandair ville ikkje boka han inn på nokon av dei displeia som fanst på flyplassen. Ikkje Smyril Line heller. I staden tok han til å dansa breikdans på gatene i Reykjavik. Han hadde verkeleg talent som enterteinar. Slik heldt han på i sju lange og sju breide til han hadde samla i hop nok pengar til å sjartra seg ein fansy båt som han kunne sigla annanstads med. Endeleg var faiten med det islendske lynnet over for han. Hans form for feedback var difor å reisa avgarde til eit anna land, og medan minnet om dette apuristiske trollet feida vekk i det fjerne, var trollet overtydd om at i Noreg var sikkert språkpolitikarane meir hippe.

    Finisjen på soga vart då mest slik, sjølv om han korkje vart namngjeten som fotballspelar eller politikar sjølv. Som turistattraksjon oppe i den norske fjellheimen, sat han under ei bru medan norske gaidar og amerikanske turistar med kaps og ein og annan innsidar kom upp i fjellheimen for å kampa anten i telt eller i karavan, før dei fór attende til kampus når skulen byrja for å overleva eit heilt år på usunn keiteringmat som dei drukna i ketsjup for å døyva den vonde smaken.

    Trollet trivdes godt der oppe i fjellheimen og det fekk ikkje så reint ofte eit kikk av å gå i klinsj med seg sjølv for skuld turistane. Men det dauk opp eit problem. Turistane slengde kring seg med bôs og tomflasker. Trollet lika ikkje dette, og kravde at styresmaktene måtte gjera eitkvart med det. Dei sette ut konteinarar som folk kunne hiva böset og tomflaskene i, men trollet vart ikkje nøgd, for fargen på konteinarane matsja ikkje fargane i naturen. Dessutan vart han så oppjaga av dei stendig aukande mengdene turistar at han ikkje makta peset lenger. Han henta difor inn nokre utsidarar som selgde pins med protestord på. Han meinte det var viktig å få fram litt utputt, ja gi styresmaktene litt innputt i staden for å berre la dei høyra på den same keidsame playbacken heile tida.

    Men styresmaktene tok ikkje omsyn til kva trollet meinte og byrja i staden sin eigen kampanje der dei presenterte fjellheimen og trollet i fargerike bilete og tekstar i paperback-format. Bileta var sjølvsagt meint som ein slags promosjon som skulle presentera eit polisj-Norge for alle slags euro-pønkarar som kjem til landet for å rafta og oppleva rusjet med å vitja gamlelandet, og ender opp med å sjå ned på landet når dei oppdagar at det ikkje finst ransjar, men berre små bondegardar her til lands.

    Trollet byrja kjenna seg heller sjabby og kom til at dersom eitkvart skulle henda, måtte det sjølv resetja systemet. Alt som stod på spel no, var å finna rette taiminga. Ingenting måtte gjerast før han var trygg på at alt var seift. Han reiste inn til byen og gjekk på polet for å kjøpa seg ei flaske champagne, men då dei berre hadde sjampanje ende han opp med å velgja musserande vin. Den var i det minste ikkje juksa med.

    Sjølv om trollet var eit stort og stygt troll, var det eit streit troll, må vita. Han sende difor ut ei pressemelding der han inviterte pressa til å gjera eit skup. Men avisene kom aldri. Dei brydde seg ikkje om kva som hende med naturen, sidan det ikkje selde aviser, og trollet greip seg om bringa i eit brått hjarteinfarkt, tilta over og fall ned fossen, der det vart liggjande forsteina, som eit godt sightseeings-objekt.

    Og så levde turistnæringa lukkeleg i all framtid.

Neste

Innhold

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost