Fortellinger.netNoveller

Fortellinger.net


Stipendet

Av Gunnar Hagen, 13.02.2011

Den våren hadde eg møtt den flottaste jenta i verda. Aina. Om ho var vakker? Sjølvsagt. Og kva var det som var så flott med henne? Ho var heilt eineståande. Slik det er når ein blir hovudstups forelska. Det var eg. Og ho var akkurat like forelska i meg. Kva anna kan eg seie?

Det hadde aldri før skjedd meg at eg hadde funne eit slikt gjensvar hos ei jente. Begge kjende at vi hadde møtt ei tvillingsjel. Vi forstod kvarandre så godt at vi nesten ikkje brukte ord. Det heldt lenge med blikk og berøring.

Det fanst ei hake i idyllen: Aina fekk innvilga eit stipend til å skrive ut eit mindre forskingsarbeid som ho allereie hadde gjort grunnarbeidet på. Skrivinga ville ta nesten heile sommaren, også dei vekene eg hadde ferie. Aina skulle bu og ha kontor i lokala til den private stiftinga som hadde gitt henne stipendet. Så dersom vi skulle møtast, måtte eg komma til henne. Aina fortalde korleis eg skulle reise for å komma dit.

Ein varm ettermiddag i slutten av juli stoppa bussen og sette meg av midt inne i ein svensk skog. Da hadde ikkje Aina og eg sett kvarandre på trettiåtte dagar. Det var ei ufatteleg lang tid.

Framfor meg låg ein smal, snorrett grusveg med høge almar på kvar side. For enden av vegen trona ein stor, kvit bygning som gjorde eit herskapeleg, nesten skremmande inntrykk på meg. Eg var på nippet til å tru at eg hadde mistydd Aina sine reiseinstruksar. Likevel rusla eg bortover vegen med stigande undring.

Alleen endte i ein open park ramma inn av tre store bygningar: Herskapshuset i kvit mur rett fram, ein stor, raud trebygning til høgre, og til venstre eit funkisliknande hus som var trekt nesten heilt inn i skogen. Eit diskré plassert skilt fortalde at eg ville finne ein resepsjon i funkisbygningen.

Vel inne måtte eg vente ei god stund før ei kvinne i slutten av trettiåra kom og sette seg roleg bak eit skrivebord. Ho mønstra meg taust. Å seie at ho var vakker, var ei underdriving. Lang og slank, svart, blankt hår som nådde ned til skuldrene, eit smalt solbrunt ansikt, eit luftig skjørt og ein tettsitjande bluse som gav full rett til dei kvinnelege formene hennar. Den djupe utringinga hennar trekte blikket mitt til seg. Ho var sjeldan vare. Eg kjende meg tørr i munnen.

Ho retta fram handa. "Isabel Cronqvist," sa ho. "Det er nok Aina Espedal du har komme for å treffe?"

Om ho var så vakker at det nesten var vondt å sjå på henne, var røysta kjøleg. Så kjøleg at eg måtte sjå om røysta verkeleg kom frå Isabel Cronqvist.

Eg nikka.

Isabel Cronqvist tok ein kort telefon før ho gjorde teikn til at eg kunne setje meg. Mens vi venta på Aina, veksla vi ikkje eitt ord. Isabel Cronqvist studerte meg inngåande utan at ho med ei mine røpa kva ho tenkte. Da Aina dukka opp drygt ti minutt seinare, var eg heilt sveitt etter den tause, iskalde granskinga til Isabel Cronqvist.

Eg spratt opp og fanga Aina i armane mine. Omfamninga hadde noko atterhaldande over seg frå Aina si side. Ho verka uvant stiv i kroppen. Blikket var vaktsamt. Raskt fann ho plass i ein stol mellom Isabel Cronqvist og meg.

Noko som kunne minne om eit lite smil gleid over ansiktet til Isabel Cronqvist. Det varte ikkje lenge.

"Du har vore venta," sa ho vendt mot meg. "Kva planar har du for den tida du skal vera her?"

Ho verka ikkje direkte uvennleg, men det var denne kalde røysta hennar. Det stod klart for meg at her kunne eg lett trø feil, så eg såg på Aina etter hjelp. Overraskande nok såg Aina berre på meg med eit mildt, oppmuntrande smil utan å seie noko.

"Eg har jo ferie," svara eg nølande.

Ingen reaksjon frå Isabel Cronqvist.

"Eg har nokre bøker og litt småarbeid eg kan ta meg til på dagane. Noko eg kan skrive på. Eg vil nytte høvet til å sjå meg litt rundt i distriktet. Det kjente gruvemuseet har eg lese ein del om. Så kan eg komma hit om kveldane og finne på noko saman med Aina."

Isabel Cronqvist såg alvorleg på meg. "Eg trur det er noko som ikkje har gått heilt opp for deg," tok ho til, og no var ikkje røysta berre kald. Eg kjende nåler som stakk. "Du kjenner godt til at Aina har fått eit stipend frå stiftinga vår. Eg trur vi kan kalle det eit raust stipend med stor prestisje. Søkjarane er kvart år mange og godt kvalifiserte. Stipendet set ho i stand til å arbeide på full tid med avhandlinga si. Stiftinga stiller kontor, alt nødvendig teknisk utstyr og anna hjelp til rådvelde. Det er ikkje lite, skal eg seie deg. I tillegg bur Aina gratis her og har fri kost. Derfor fordrar vi ein ganske høg arbeidsinnsats av henne. Ho har vist seg å vera ei svært dyktig jente."

Eg såg spørjande på Isabel Cronqvist. Aina nikka oppmuntrande til meg.

"Så vi ventar litt av deg også," heldt Isabel Cronqvist fram. "Du får bu på eige rom hos oss for ein symbolsk kostnad. Til gjengjeld arbeider du åtte timar kvar dag for stiftinga. Aina og du kan ete frukost og lunsj saman, tjue minutt kvart måltid, ein time middag, og etter middag kan de spasere ein halv time i parken vår."

Eg kunne ikkje tru det høyrde. Kva slags hundreår var det Isabel Cronqvist høyrde heime i?

"Eg veit heilt kor mykje du kjenner til forholdet mellom Aina og meg," tok eg til så roleg eg kunne. "Vi har rett nok ikkje vore kjærastar så veldig lenge, men vi er vaksne og fornuftige menneske. Det siste eg kunne drøyme om, er å gjera noko som er til hinder for Aina i arbeidet hennar. Det trur eg du forstår. Men å regulere tida vi kan vera saman så strengt og firkantig, kva er meininga med det?"

Isabel Cronqvist sat urørleg ei lang stund. "Unge mann," sa ho til slutt. "Eg har ingen problem med å forstå deg. Absolutt ikkje. Eg forstår godt at du ønskjer å dele rom med Aina. Eg forstår også kva du vil gjera med Aina om kveldane og natta. Sjølvsagt er eg heilt klar over det," sa ho og lèt ei smal hand med lange fingrar gli lett over dei runde brysta sine og vidare nedover den flate magen.

"Men vi kan ikkje tillate aktivitetar som tek tid og merksemd frå arbeidet til Aina," heldt Isabel Cronqvist fram. "Det er ikkje nokon ni-til-fire-jobb Aina har her. Ho arbeider hardt fjorten-femten timar i døgnet, og det er ein klar føresetnad for stipendet."

Isabel Cronqvist såg lenge frå den eine til de andre av oss. Blikket hennar verka fjernt. Utan varsel sa ho ut i lufta: "Knullinga kan de utsetje til hausten. Da smakar det dessutan så mykje betre." Røysta var nesten drøymande mens handa til Isabel Cronqvist forsvann sakte ned mellom låra hennar.

Like uventa sette ho det kalde blikket i meg att: "Og når du unge mann først har utført din del av arbeidet."

Eg vart stum. "Kva slags arbeid er det liksom snakk om?" utbraut eg. "Og kva slags stad er dette eigentleg?"

Straks det var sagt høyrde eg sjølv at det ikkje var bra. Slett ikkje bra. Orda var for brå, røysta for skarp.

Aina løfta arma avvergande mot meg. Ho sa framleis ikkje noko, men auga hennar var store, tydeleg urolege.

"Vi har oppgåver nok," svara Isabel Cronqvist. No var røysta hennar reint metallisk. "Og det er slett ikkje meiningslaust arbeid, om du skulle frykte det."

"Enn om eg seier nei? Eg har ferie. Og eg er ein fri mann."

"Sant nok," vedgjekk Isabel Cronqvist kort. "Og du elskar Aina som driv eit viktig forskingsarbeid?"

Aina smilte ikkje lenger. Ho var rett og slett bekymra. Men kvifor sa ho ikkje noko for å hjelpe meg? Eller for å hjelpe oss? Torde ho ikkje? Kva slags tak var det denne stiftinga hadde fått på henne?

"Så kva om eg vel å bu i byen?" spurde eg for å presse Isabel Cronqvist.

"Da er det ditt val," kom det lågt frå Isabel Cronqvist. "Men kva med Aina? Ho har gledd seg slik til nokre daglege stunder med deg. Sjølv med knapt tilmålt tid."

Aina såg no trist ut. Verka nesten oppgitt. Framleis sa ho ikkje noko.

Eg såg frå Aina til Isabel Cronqvist, frå Isabel Cronqvist til Aina, og tilbake, heilt i villreie. Prøvde å tyde blikket til Aina, men greidde det ikkje.

"Nei vel," sa Isabel Cronqvist bestemt og reiste seg sakte. Roleg flytta ho blikket frå meg og i retning utgangsdøra før ho sa: "Når du vil det slik."

Røysta hennar skar lufta i rommet.

Neste

© Fortellinger.net 2001 – 2015. Webhotell fra MinHost