Velg blant 8 bokklubber fra Tanum bokklubber og få gratis bøker og gaver!
Av Tore Vaag, 20.02.2009
Det var ein gong ei jente som gjekk bortetter ei strand. Best det var, kom ho til eit naust. Ho hadde aldri vore inne i eit naust før, og brått kjende ho ei sterk lyst til å gå inn i naustet. Var det låst? Tru om fiskarane pla låse nausta sine? Døra var open.
Inne merka ho godt stilla og at det var varmare enn ute. Der regna det, inne var det stille, det var mest som regnet ikkje trefte taket. Ho kika på botnen der inne. Det var ikkje noko golv, men gamle tverrpålar låg oppetter botnen heilt til enden av naustet. På golvet låg òg nokre garn. Inni garna såg ho nokre glaskuler. Det var som dei stirte på ho med kalde blæreaugo, innestengde i garna. Ho kjente ei rar lukt der inne, ei blanding av salt og søtt, litt kvalmande, ho fekk ei rar kjensle i magen, eit sug, nett som da ho dissa som lita jente og tida mest sto stille og resten av verda ikkje fanst.
Brått vart ho oppslukt av tverrpålane på botnen. Dei var så merkeleg gråe. Dei var skorne i to ein gong, kunne ho sjå, men båtane hadde slite på dei. Ho bøygde seg ned og lukta på ein av dei. På alle fire stod ho med andletet vend ned mot dei, lukta, kyssa dei, ho kjente den kvalmande, saltsøte lukta.
Ho stod opp att. På veggane var det tomt, bortsett frå på den ein veggen. Der hang ei ramme. Ho måtte vera ganske ny. Jenta undra seg over ho, at det var noko så nytt her inne i det gamle naustet. Inne i ramma stod det ein tekst, sydd med gullbokstavar inn på svart ty:
"STYRK de svake hender, og gjør de vaklende knær sterke. Si til dem som er urolige i hjertet: Vær sterke. Vær ikke redde. Se, DERES Gud – med hevn skal han komme, ja med gjengjeldelse kommer Gud. Han kommer selv og frelser dere."
Ho kika på veggane att. Eigentleg var dei ganske nye. Ramma var ganske ny. Lukta var så rar. Ho kjende seg mest kvalm og måtte berre gå ut.
Jenta gjekk vidare bortetter stranda og kom til svaberga. Eit drygt stykke bortetter kom ho til ei lita vik, og der låg det eit naust. Det var større enn det førre, veggane var ikkje så gråe på dette naustet. Ho fekk den same rare kjensla att, ville absolutt inn i naustet. Døra var open denne gongen òg.
Dette naustet hadde golv. Det var stille her også. Igjen var det slik at taket stengte lydane frå regnet ute. Dei same blæreaugo stirte på henne att. Veggane hadde vore lafta, og heile veggane var dekte av kvite tømmerstokkar. Store, kvite tømmerstokkar. Jenta gjekk mot dei og lukta på dei, Den same lukta som sist. Søt og salt på same tid. Dragande. Det var noko med den gråkvite farga stokkane hadde ho ikkje kunne stå imot. Lukta. Ho kyssa dei, lét nasen gli opp over med dei, kjælte med dei. Brått fekk ho ei forunderleg kjensle. Om nokon såg ho no? Skamkjensla kom krypande, og ho starta kike opp på veggane.
På dei lafta veggane var det berre ei ramme denne gongen òg. Ho gjekk bort til ramma, som også denne gongen inneheldt gullskrift på svart botn:
Jeg Jesus er din milde
Og trofast siele-ven,
Troe kun, min naades kilde
Skal aldrig tørres hen,
Jeg skal i himmerige
Dig giøre engle liig,
Vil satan andet sige
Da er det løgn og sviig.
Ho vart gripen av redsle og gjekk ut frå naustet. Ute hadde det slutta regne. Ho gjekk vidare bortetter svaberga, til slutt kom ho til ein skog. Skogen rakk ned til sjøkanten, jenta trippa bortetter skogkanten. No kom ho til eit nes. Denne gongen var det eit digert naust som stod der, raudmåla med kvite kantar. Det stod på pålar på ein haug, kvite, tjukke pålar som heldt det oppe. Det trona på haugen, og døra vende ut mot havet.
Denne gongen var ikkje jenta like lysten på å gå inn i naustet, men spaninga vart for sterk. Ho stirte lenge på det, tykte det var så fint der det stod bore oppe av fire tjukke pålar, til slutt måtte ho inn.
Attmed døra kika ho utetter havet. Det var blått og langt. Ho kunne ikkje sjå anna land der ute, det var mest som det berre var ho, naustet og æva. Døra var så fin. Utskorne mønster i ho, blåfarga med eit snev av grått i seg, klinka var svart, såg ny ut. Det knirka fælt i døra da ho vart skubba inn. Dette naustet var mest som ein hall i forhold til dei andre to. Jenta såg på veggane. Ei ramme. Kleding på alle veggane. Ikkje noko lafta tømmer her inne.
Kledinga var så rar. Ein kunne tydeleg sjå små fliser på dei, men når ho strauk kledinga, stakk ho seg ikkje, korkje når ho strauk opp eller ned. Å stryke på kledinga var godt. Det var mjukt. I enden av rommet låg garna att. Blæreaugo stirte på ho. Denne gongen bøygde ho seg ned og kika nøye på ei av glaskulene. Ho såg ikkje noko, tykte dei var kalde, tykte dei sa "Pell deg vekk".
Ramma på veggen. Det var ikkje skrift der denne gongen. Svart passepartout rundt eit bilde. Midt på bildet var ein veg. På den eine sida av vegen stod det to bjørnar. Imellom desse stod ein fleinskalla mann i ei kappe. Han smilte, nett som det var til henne. Bjørnane glefsa, dei mørkeraude munnane deira såg svoltne ut.
På den andre sida av vegen låg det tre radar med kroppar. Ho talte dei. Det var fjorten kroppar i kvar rad. Førtito daude menneske. Dei var så kvite! Litt raudt på dei innimellom, blodet, det var det heile. Igjen kjente ho den søtsalte lukta, igjen kjente ho den rare kjensla i magen. Ein skrapelyd. Ein eller annan stad nokon som skrapa.
Ho snudde seg. Det stod ein mann der. Høg, kraftig, fleinskalla.
"Kven er du?", sa jenta.
"Eg er den eg er. Kven er du?", sa mannen.
"Eg er ei jente."
"Sjå no," sa mannen.
Han begynte å gjera noko med hendene sine. Brått dansa det eldfigurar framfor ho. Dei var vakre, dei dansa i ring på golvet, dansa utan lyd, oransje blaff i ring på golvet.
"Er dei ikkje fine?", sa mannen.
"Jo", sa jenta.
Ho såg på biletet att. Mannen såg så glad ut på det.
"Er eg ikkje flink?", sa mannen.
"Jo", sa jenta.
"Eg kan gjera mykje rart med hendene mine. Eg er mektig til mykje. Eg kan gjera deg mektig òg. Full av kraft og glede. Uovervinneleg kan du verte".
Jenta såg på bjørnane. Mannen stod mellom dei. Kven var dei daude borna? Kvifor var dei daude? Ho snudde seg mot mannen att. Da stod han naken der. No kjente ho kjensla att, kvalme, men pirring i underlivet. Søtsalt lukt. Ein stor, hårete fleinskalla mann som kjem mot ei jente. Lafta, kvite tømmerstokkar. Born som er raude. Blod. Eit jenterop. "NEI."